Auka i strømprisane i Norden

I veke 4 gjekk strømprisane opp i Norden samanlikna med veke 3. Låg vindkraftproduksjon og låge temperaturar bidrog til høge prisar, spesielt på onsdagen.
I veke 4 gjekk strømprisane opp i Norden samanlikna med veke 3. Sjølv om vekesprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk opp, var dei framleis lågare enn i sørlege Noreg. Høge strømprisar på onsdagen kan forklare noko av årsaka til auken i vekespris. Då var det låg vindkraftproduksjon og låge temperaturar nord i Norden, og prisane var mellom 180-240 øre/kWh i fleire timar i alle dei nordiske prisområda. Resten av veka hadde Nord-Noreg stort sett prisar under 10 øre/kWh, og vekesprisen enda på vel 20 øre/kWh. Vekesprisen i Midt-Noreg enda på 38 øre/kWh.
Vekesprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var mellom 76 og 106 øre/kWh. Det var låg vindkraftproduksjon i Norden, Tyskland og Storbritannia første halvdel av veka. Dette bidrog til at det vart enkelttimar med høg strømpris, før vindkraftproduksjonen tok seg opp frå torsdag.
Høg fyllingsgrad og auka prisar bidrog samstundes til ein auke i vasskraftproduksjonen i heile Noreg. Det medverka til ein høg nettoeksport for årstida.
Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 4.
Vassmagasinstatus
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Strømprisindeks
Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.
Få full oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.