Førre veke var prega av eit vêromslag til mildare vêr. Temperaturane var over normalen i store delar av Norden, og i Noreg sank forbruket med 11 prosent frå veka før. Nedgangen var størst i dei sørlege og midtre delane av Noreg (NO1, NO2 og NO3).

Det låge forbruket kombinert med høg vindkraftproduksjon nord i Norden, bidrog til reduserte vekeprisar samanlikna med veka før. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisane mellom 43 og 54 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde strømprisar på høvesvis 6 og 4 øre/kWh. Til forskjell frå Norden var det ein prisauke på kontinentet. Ein kombinasjon av lågare temperaturar og mindre vindkraftproduksjon enn veka før bidrog til prisauken. Til dømes hadde Danmark (DK1) og Tyskland ein vekespris på høvesvis 131 og 174 øre/kWh.

Samla sett fall strømproduksjonen i Noreg med 9 prosent samanlikna med veka før. Den viktigaste årsaka var ein monaleg nedgang i produksjonen i Nord-Noreg. Fleire timar med høg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige (SE1 og SE2) ga Nord-Noreg tilgang på billig import og bidrog til at produsentane i Nord-Noreg kunne spare meir vatn til seinare.

Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 3.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.