Mildt vêr og høg vindkraftproduksjon senka strømprisane

Førre veke førte mildt vêr og høg vindkraftproduksjon til lågare strømprisar i heile Norden, bortsett frå Nord-Sverige. Redusert eksportkapasitet bidrog også til prisnedgangen.
Førre veke gjekk strømforbruket sør i Norden ned på grunn av mildt vêr, medan det heldt seg omtrent uendra i nord. Det var mykje vindkraftproduksjon i Norden, samstundes som kapasiteten for å eksportere strøm til kontinentet og Storbritannia vart redusert. Dette skyldast innføringa av ein ny reservekraftmarknad 4. mars, som førte til at kapasiteten på nokre kablar var nede på 50 prosent av full kapasitet store delar av veka.
Høg vindkraftproduksjon, redusert eksportkapasitet og lågare forbruk enn veka før bidrog til lågare strømprisar i heile Norden, unnateke Nord-Sverige (SE1 og SE2). Gjennomsnittlege strømprisar for veka var 38-42 øre/kWh i Sør-Norge (NO1, NO2 og NO5) og 12 og 3 øre/kWh i høvesvis Midt- og Nord-Norge (NO3 og NO4).
På kontinentet byrjar solkraftproduksjonen no å bli høg nok til at landa der får periodar med null- eller negative prisar midt på dagen. Førre veke importerte Sør-Norge strøm i desse periodane, og prisane vart påverka av det lågare prisnivået på kontinentet. Påverknaden var spesielt stor på onsdag, då den lågaste timeprisen i Sørvest-Norge (NO2) var 3 øre/kWh kl. 12-13.
Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 10.
Vassmagasinstatus
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Strømprisindeks
Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.
Få full oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.