Det var framleis mildt vêr i Noreg, og strømforbruket heldt seg omtrent det same som veka før. Saman med meir vindkraftproduksjon, førte dette til mindre vasskraftproduksjon i store delar av Noreg. Vindkraftproduksjonen auka mest i nordlege delar av Norden, noko som gjorde at strømprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk ned til høvesvis 15 og 6 øre/kWh.

Endringar i vindkraftproduksjonen førte til prisvariasjonar gjennom veka sør i Norden og nord på kontinentet. På måndagen, då det var lite vind og høgt forbruk i sørlege Noreg, fekk Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) like høge prisar som på kontinentet store delar av dagen. På det høgaste var timeprisen på 292 og 263 øre/kWh. Prisområda sør i Noreg (NO1, NO2 og NO5) enda opp med vekesprisar på 94, 96 og 75 øre/kWh, som var omtrent det same som veka før.

Nettoeksporten frå sørlege Noreg har dei siste vekene vore høg for årstida. Lite vind og høge strømprisar nord på kontinentet er blant årsakene til dette.

Søndag synkroniserte dei baltiske landa sitt eige kraftsystem med kraftsystemet til kontinental-Europa. Samtidig braut dei synkroniseringa med det russiske kraftsystemet. Dette gjer at Baltikum no er tettare tilknytte kontinentets kraftsystem enn tidlegare.

Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 4.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.