Strømprisane auka kraftig i Norden

Førre veke steig kraftprisane i Norden betydeleg på grunn av kaldt vêr, høgare forbruk og lågare vindkraftproduksjon. Sørlege delar av landet opplevde ein historisk høg produksjon, medan Midt-Norge såg ei femdobling av prisane.
Kraftprisane i Norden auka førre veke. Kaldt vêr, høgare forbruk og lågare vindkraftproduksjon i Nord-Europa er viktige årsaker til prisauken. I sørlege delar av landet (NO1, NO2 og NO5) steig vekeprisen med 30-55 prosent frå veka før, til 117-127 øre/kWh. Frå onsdag og ut veka var det låg vindkraftproduksjon nord på kontinentet og høg eksport frå Sørvestlandet (NO2). Saman med høgare forbruk bidrog dette til historisk høg vekeproduksjon i Sørvestlandet. Førebels tal viser at produksjonen vart 1 519 GWh. Sist gong Sørvestlandet hadde produksjon over 1 500 GWh på ei veke var i 2021.
I Midt-Noreg (NO3) vart vekeprisen nesten femdobla, frå 15 til 74 øre/kWh. Kaldare vêr og auka forbruk, saman med ein betydeleg reduksjon i vindkraftproduksjonen, bidrog til at prisen oftare var på nivå med prisen i sørlege delar av landet. Vekeprisen i Nord-Norge (NO4) vart 12 øre/kWh. Sjølv om dette er ei dobling frå veka før, er det framleis lågast i Norden og Nord-Europa.
Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 7.
Vassmagasinstatus
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Strømprisindeks
Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.
Få full oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.