I starten av førre veke var kraftprisane i Noreg framleis høge, liknande som veka før. Det kalde vêret og den låge vindkraftproduksjonen bidrog til at prisane i sørlege delar av landet (NO1, NO2 og NO5) i fleire timar var nesten like høge som på kontinentet. Utover veka vart vêret mildare, forbruket lågare og produksjonen av vind- og solkraft auka både i Norden og på kontinentet. Dette førte til lågare kraftprisar. Sjølv om solkraftproduksjonen framleis er låg samanlikna med sommarhalvåret, var det ein markant auke i Tyskland førre veke. Dette bidrog til lågare kraftprisar, særleg midt på dagen når solkraftproduksjonen var på sitt høgaste.

Vekeprisane for sørlege delar av landet enda opp på 82-94 øre/kWh. Til samanlikning var kraftprisane i Tyskland og Danmark (DK1) på høvesvis 124 og 111 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda kraftprisane opp på høvesvis 28 og 9 øre/kWh.

Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 8.

Vassmagasinstatus

Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.

Data for kraftsituasjonen

NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".

 

Strømprisindeks

Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.

 

Få full oversikt i Eidefoss-appen

Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.

Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.

 

Sjekk ut appen.