Strømprisane fall i Norden

I veke 9 gjekk strømprisane ned i Noreg, Sverige og Finland på grunn av lågare forbruk og mildare vêr. Vedlikehaldssesongen for kjernekraftverk har også starta, noko som påverkar kapasiteten.
I veke 9 gjekk strømprisane ned i Noreg, Sverige og Finland. Lågare forbruk, blant anna på grunn av mildare vêr, er ei viktig årsak til prisnedgangen. Produksjonen i Noreg gjekk også ned, men ikkje like mykje som forbruket. Dermed auka nettoeksporten. Mellom tysdag og laurdag var det lite vindkraftproduksjon sør i Norden. Dette bidrog til høgare etterspurnad etter norsk vasskraftproduksjon. I periodar hadde ikkje dei sørlege delane av landet nok produksjonskapasitet til å dekke eige forbruk og full eksport til områda rundt. I desse timane var prisane i dei sørlege delane av landet på nivå med prisane nord på kontinentet. Vekeprisane i dei sørlege delane av landet (NO1, NO2 og NO5) enda på 52-65 øre/kWh, medan vekeprisane i Tyskland og Danmark (DK1) var høvesvis 140 og 128 øre/kWh.
No startar vedlikehaldssesongen for kjernekraftverk. 1. mars gjekk Olkiluoto 3 i Finland ut til årleg vedlikehald. I tillegg var det redusert kapasitet på nokre andre reaktorar. Frå 1. mars var over 2000 MW ute, noko som utgjer vel 20 % av kjernekraftkapasiteten i Norden.
Dette melder NVE i sin rapport om kraftsituasjonen i veke 9.
Vassmagasinstatus
Vassmagasinstatistikk er viktig for strømprisene. Når fyllingsgraden er låg, kan det føre til høgare strømprisar på grunn av knappheit på energi. Omvendt kan høg fyllingsgrad føre til lågare prisar. Du kan lese meir om vassmagasinstatistikk på NVE sine heimesider.
Data for kraftsituasjonen
NVE har lansert ei nettside som vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Sjekk gjerne ut sida «Data for kraftsituasjonen".
Strømprisindeks
Fornybar Norges strømprisindeks viser kva ein gjennomsnittleg hushaldning må rekne med å betale i straumrekning for førre månad. Hensikta med straumprisindeksen er å gi norske straumkundar betre innsikt i korleis straumprisane utviklar seg over tid, kva som påverkar prisane og korleis straumrekninga er sett saman. Ta ein titt på priindeksen hjå Fornybar Norge.
Få full oversikt i Eidefoss-appen
Last ned appen og få full oversikt og kontroll over strømprisar og forbruk. Spar strøm, pengar og miljøet med full oversikt og kontroll over strømforbruket ditt.
Følg med på spotprisar og forbruket ditt! I appen kan du også få varsel når strømprisen er ekstra høg, prognose for kostnadar og mykje meir. Du kan også lage di eiga personlege framside slik at du får kjapp tilgang til informasjonen som er nyttig for akkurat deg.