Eidsiva Bredbånd og dei andre energiselskapa i Hedmark og Oppland har etablert ei samarbeidsavtale der dei einskilde energiselskapa tek investering i fiber og leier ut kapasiteten til Eidsiva Bredbånd. Dette har vore ein vellykka forretningsmodell som har ført til at Eidsiva Bredbånd har lykkast som selskap, og Eidefoss har sikre, årlege inntekter frå investeringa si.

Gjennom dei siste ti åra har Eidefoss investert så mykje som 50 millionar på dette området. Investeringane er langsiktige og vil gje ei positiv avkasting over 25 år. Dei fleste som bur i sentrale strøk i dei fem eigarkommunane i Eidefoss har nå tilbod om breiband på fiber. Vi ser også at det kan vera mogleg å føre fram fiber til grendene dersom vi får til spleiselag mellom Eidefoss, det offentlege og kundane. Sjårdalen er så langt eit eksempel på dette. Framtida får vise korleis dette endar.

Med denne satsinga har Eidefoss teke eit samfunnsansvar for å leggje til rette for at Nord-Gudbrandsdalen har same tilbodet på raskt breiband som dei har i meir sentrale strøk. Telenor eller andre aktørar har ikkje synt vilje til å ta denne risikoen, og Eidefoss/Eidsiva Breiband har nå eit stort forsprang på dei andre. Når vi i tillegg har tru på at dette med tida blir ei lønsam, bedriftsøkonomisk investering, er det grunn til å vera tilfreds med det valet som vart gjort med etableringa av Fjellnett i 2003.

Takka vera at styret har vist vilje til å ta risiko med støtte frå eigarane, er dette eit godt eksempel på at Eidefoss er ein motor i næringsutvikling i regionen vår. Strategisk har dette vore vurdert som ei rett satsing fordi det er infrastruktur som på mange måtar heng tett saman med nettaktivitetane våre.